Eit nærings-, aktivitets- og buprosjekt utanom det vanlege ...
Magisk natur, kulturlandskap, kjensler og respekt. Røter slit og dreg, held fast. Tida er der, for å knyta band og byggja bu. Gode opplevingar skal overleverast. Lat poesien råda, gripa deg og fortelja deg kvar du høyrer til!
Der er eit ekko frå farne tider. Ukjende soger skal forteljast. Eit hemlege naturspråk skal lærast, for å kunna skjønast. Blir du språkmektig, kan du bli rik på kunnskap. Deretter fylgjer visdom, gangsyn, klårsyn og forsyn.
Med andre ord, ein blir sett i stand til å sjå inn i framtidi.
- til den det måtte røra,
vitskap er for dei som går i lære,
poesi er for dei som allereie veit -
Les meir om geografi, historie, idé og framdrift .....
SLOTTET
HER SKULLE INGEN TRU AT FOLK KUNNE BU
Men faktum er at uvanlege tomter inviterer til spenstige løysingar. Fordi Lundarhegni har utvikla sitt eige byggkonsept, BBB (Bygg i Berg og Boge), blir resutatet jordvern, estetisk utforming og smidig topografisk integrering. Me legg fram eit heilheitleg bustadprosjekt med tip topp komfort, etter kvart også tilrettelagt med areal for lettare næringsverksemd innafor kunst, kunsthandtverk, kultur og nyskaping, innramma av etikk, eventyr og mytologi.
Siste nytt →
A Tribute to a remarkable Lady
murdered of a madman 13. oct. 2021
Andrea Meyer (Nebel): «Where the Lonly Souls Go»
https://lundarhegni.no/det-5-element/
MUSIKK JORD
Won’t you come inside?
Rest a while, you must be tired.
It has been a long way, but it’s not far before you reach your goal.
The end of this road, another step to the new dimension.
Before you travel on, let me hear, let me hear your story.
Where do you come from, tell me of your early days.
Tell me of gladness, sorrow, was your winter long?
How did you let go? Tell me and I will listen all night.
At dawn I will wish you well, when you go, where the lonely souls go. - AN
Im Gegensatz zur Wissenschaft ist Poesie für diejenigen, die es bereits wissen.
Du bist ein Nebelschatz Andrea! Küsse dich und liebe dich,
immer aus der Tiefe und zurück! - KJ
For naturinteresserte:
Kva vil det seia å vera norsk? Nokre vil ha det til at nasjonsbyggjingi forlengst er forbi. Andre hevdar at me lever i ei nedbrytingstid. Underteikna meiner at verdivern og styrking av samkjensle må vera ein vedvarande prosess. Eidsvollsmennene i 1814 hadde dette i tankane då dei svor semje og truskap til sjølvaste Dovrefjellet! Men lite visste dei at fjellheimen sitt uttrykk kunne bli truga og stå for fall berre eit par hundreår seinare. Forsvaret vårt skal slå ring om land og folk. Men kva rolle spelar dette om ein ikkje veit korleis, og kva ein skal verna seg imot? Dersom vinninga blir oppslukt av kraft nedlagt i spinninga, då bør alarmklokkene kima. Og likeeins, dersom dei eldste verdiane i eigenarten vår blir truga, då bør vardeld tennast. Klimatrugsel blir det snakka mykje om. I den samanheng, kan det diskuterast om problemfokuseringa har fått rett adresse. Eit isolert kolsyrerekneskap er ikkje tilstrekkeleg. Det største trugsmålet har nemleg med miljø å gjera. Luft, eld, vatn, jord/fjell og liv blir idag ikkje nok respektert. Derimot, kan me visa elementa heider og vørdnad, då vil klimaet regulera seg sjølv. Mennesket må berre innretta seg deretter. Tilbake til det første spørsmålet vårt: Er me norske nok til å kunna kjenna oss samansveiste? For å svara, kjem me ikkje utanom å venda oss til dei djupaste røtene og til dei finaste verdiane våre, innafor mytologi, historie, språk, tradisjon og kultur. Her vil me berre kort visa til kva tyngde romantikken hadde å seia for oppretting av Noreg som nasjon. Same korleis ein i dag måtte velgja å vektleggja nasjonale kjensler, så er det ei sak som står sentralt. Den kan me ikkje koma utanom. Det er tilhøvet til landskap og årstider. Om natur og stadeigne, sykliske klimaskifter ikkje er ein integrert del av ein person, ja då er ikkje denne personen tilstrekkeleg «aklimatisert».Mytologifestivalen 2021: "UTMARKSGRAVENE"
https://youtu.be/WzoZVA0x6ho
Og då er me framme ved kjernen. Nordmenn generelt, uavhengige av alder, kjønn, rase og herkomst, er og skal vera knytt til landskapet i Noreg. Kjærleiken til landskapet er bakteppet vårt, eit minste sams multiplum. I den kommunen underteikna tilhøyrer, er det fjellheimen som skapar dette bakteppet. Frå Lundarhegni Naturpark spesielt, strekkjer denne fjellheimen seg i synsrandi, og nører kreativ kraft. Fjellformasjonane har mytologiske namn og fortel om gygrer og urkrefter som strekkjer seg attende til Istidi. Om dette pittoreske sjået skulle øydast av massive, kortsiktige og irreversible profittinngrep, ja, då kan ikkje dette reknast for anna enn ei skammeleg handling og eit åtak på Kvinnherad, og dermed også eit åtak på sjølve nasjonen! Vindturbinar på fjellet er herved nedstemt! Kampen for Naturen held fram.
Kvinnherad
Fjelli er dyrbart arvesylv
Soga er skøyr som porselen
Tanken med tidi forgjengeleg tyll
medan fjelli er sjølve blodsbandet
Ikkje rør kroppen til landet!
Knut J Nerhus
Tømmerhytta
Folkvang er namnet, ei hytte med uthus til leige. Staden er oppkalla etter heimen åt Frøya, den vakre, norrøne kjærleiksgudinna med smykket Brisinga-men um halsen. Hytta ligg på ei skår i terrenget. Der er kjøken, stova og sovehems. Fasilitetane er som for 100 år sidan. Hytta passar perfekt til overnatting for eit romantisk par. Meir informasjon og bilde på www.iha.com Søk Folkvang!
Opplevingar
Me tilbyr organiserte turar med lokal vegvisar. Til turane knyter det seg ulike opplevingar med unike historiar tett på kulturminner og verdifulle naturområder. Om ynskjeleg, kan soger, legendar og eventyr forteljast rundt leirbålet.
Ut på tur?