logo

"Spinn, spinn, rokken går.
Norner vever nye år.
Disirs vilje går sin gang.
Frender hør vår galdersang!"

Tania Stene

IRMIN SUL


nornene

I år 772 ga frankarkongen Karl den Store ordre om å hogga ned saksarane sitt heilage monument, Irminsul. Samstundes hogg han hovudet av 4500 germanske høvdingar i ei nedrig nidhandling. Dette kan sjåast på som starten på vikingtida, fordi denne handlinga nørde kimen til angrepet på Lindisfarne 21 år seinare.  I norrøn mytologi blei Irmin kalla Jørmundr.
Irminsul kan også sjåast på som verdenssøyla til liks med asken Yggdrasil, som var verdenstreet i norrøn mytologi.
Ved røtene til dette treet, som rakk himmelhøgt, sat det tre norner, Urd, Verandi og Skuld. Gudinnene, eller disene, sat ved Urdarbrunnin og styrde derifrå lagnaden til gudar, heimar, folk og fé. Urd visste alt om fortidi. Verandi kontrolerte notidi. Skuld kunne sjå inn i framtidi. I samarbeid spann dei trådane og klipte. Deretter vov dei lagnadsveven, eit internt nett av informasjon, også kalla VYRD, fortida sin www. Opnar du ein tale med "Vyrde folk", då meinar du respekterte folk. Gjer du ein eid, eller underteiknar du eit dokument med vyrdsamt, då viser du respekt. Du har gjort ditt beste med VYRD som vitne. Å tru på Lagnaden er ikkje det same som å vera skøytelaus og slurvete. Lagnadstru liknar meir trua på karma. Den "store" Karl blir då liten og utan positiv karisma. Andeleg sett var han heller ein veik, sjølvsentrert sluggerkonge med null ærekjensla og null respekt for VYRD.


girlande av eksotisk eucalyptus

 


"Ingebjørg, Frithjofs elskede"
frå Soga um Frithof den Frøkne,
måla av Peter Nicolai Arbo (1831 - 1892)

Årshjulet:

  • Jul - (vintersolverv)
  • Vårjamdygn
  • Solsok - (midtsumar)
  • Haustjamdygn

Reiskapane

Gand   - trolldom
Runer  - symbolikk
Hamskifte - sinnsendring
Galdr   - energilyd*
Seidr    - transelyd*
* 2 former for spirituell lyd, les også om
akustisk teknologi 
under det "5. element".

Livssermoniane:

  • Smyging - (fødsels-, velkomst- og namnefest)
  • Hjorteleik - (Ollemors leik, overgangsrite barn/vaksen)
  • Brudlaup - (binding el. sambuarkompaniskap)
  • Bålferd - (oskespreiing, siste reise, gravferd, hauglegging)

Utmelding og Innvigjing
(Gjennom Ormeholet, Ringens Eid)

Gullet på Kistebotn:

Flag Counter

Majstong