Landbruksprodukt


Versjon 2 Svart Horna Hordafé, ein variant av Vestlandsk Fjordfé, vikingkyr, urfé-type

Eikeland 33/2
Dette er eit gardsbruk med økologisk drift. Hovudgesjeften er bevaringsarbeid på gamalnorsk storfé, nærare bestemt Vestlandsk Fjordfé. Dei fremste gourmet-ekspertane på kjøt kallar dette for Noreg sitt svar på verdas mest eksklusive storfékjøt, nemleg kjøt frå japansk Kobefé! Grunnen er blant anna at begge fétypane ikkje veks for fort, muskelfibrane blir då fintrevla og får rett feitt-marmorering. I tillegg har fjordféet gode beiteeigenskapar. Når dei går på beite med urter og buskar, tek dei til seg av ein variert meny. Dette er eigenskapar som til ein viss grad er sams for alle gamlerasane, og som set smakspreg.
Vikingane nytte seg helst av moderat storfé, fordi dyri då var lettare å ta med seg på sjøreiser. I tillegg gjorde korte bein at dyri heldt bedre balanse. Lavt tyngdepunkt gav god stabilitet både i ulent terreng og på skip, spesielt under tung sjøgang.
Ein variant av fjordféet blei kalla Svart Horna Hordafé. Det var i si tid spesielt utbreidd i Midthordland og i Hardanger. Stend Jordbruksskule oppretta på slutten av 1800-talet ein stamhjord som skulle taka vare på dette stadeigne féet. Dette var tidi for nasjonalromantikk og utvikling av rasepreg på husdyri. Hordaféet måtte seinare vika plassen for tyngre férasar, men genetisk har restane blitt konservert innafor grupperinga fjordfé.
Eikeland 33/2 har i seinare tid gjort eit viktig avlsarbeid for å byggja opp att den opprinnlege fenotypen av Svart Horna Hordafé.

For å kjøpa ved, horn, skinn, fjordfékjøt, viltkjøt, livdyr, øko.-produkt eller gjera andre avtalar med bonden, gå til KONTAKT

Hatlestrand Kolonihage
For dei som har interesse for å dyrka eigne grønsaker, er det råd å gjera avtale med ein kolonihage i nærleiken.

Hardanger Hagehjelp
Her kan ein få gode råd om planter og/eller skaffa seg arbeidshjelp i hagen: http://hardangerhagehjelp.no/

Varer og tenester
Lundarhegni har enno ikkje det som blir kalla nettbutikk. Ei slik nettbasert handlebu kjem seinare.
Likevel har me nokre enkle produkt å visa til. Dei kan formidlast ved nærare avtale (e-post, telefon el. oppmøte). Ein må rekna med noko leveringstid.
Her skal me kort setja opp eit oversyn over kva me ser for oss å kunna skaffa til vegars:

Økologiske varer
Ved
Horn
Skinn
Livdyr
Fjordfékjøt

Kontaktformidling
Kjøt av hjort
Økologisk iskrem
Økologiske grønsaker

Tenester
Sermoni
Turguideing
Sogeforteljing
Gjestetransport
Hjortesafarie m/bil
Snøbrøyting m/ stor traktor
Hagehjelp (Hardanger Hagehjelp)
Sertifisert fjell- og breføring (Bratt Lende)
Gardsturisme, arbeidande gjester

For prisar, gå til PRISLISTE