Parken


utsyn-mot-sydaust  fullsizeoutput_1a  img_1362  Vegvisaren

Lundarhegni Naturpark (65 da) ligg i bygdi Hatlestrand i Kvinnherad kommune, ytterst i Hardangerfjorden.

Bygdi Hatlestrand ligg i eit skogsområde på nordvestsida av Hardangerfjorden. Ein samansett geologi har utvikla eit variert plante- og dyreliv. Staden er nærast idéell som utgangspunkt for naturopplevingar og for å finna gode fotomotiv. Området er rikt på bær, ville urter og sopp.
Bygda har og løynde fortidsminne som er verd å få med seg.
Kvinnherad har som kommune ein natur som spenner over det meste. Her finn me øyer og holmar, fjordar og sund, rabbar, heier og myrer, skog, åsar, snaufjell, vatn, elver og isbrear, samt eit variert kulturlandskap, kort sagt, eit Noreg i miniatyr. Sjå KART

Namnet Lundarhegni har utspring i Gamlelunden på garden Eikeland, ein sermoniplass frå farne tider. Terrengformasjon, gamle stadnamn, gravhaugar, fortidsminner, saman med generell historiekunnskap, fortel om ei mykje ukjend bygdesoga.

Bustadprosjektet til Lundarhegni vil presentera eit godt alternativ til personar og familiar som vil etablera seg naturnært. Målet er å skapa eit miljø som stimulerer kunst og handtverk, kreativitet og utforsking. Dette vil me oppnå gjennom å bruka eventyr, soger, forteljingar, natur-mytologi, drama, musikk og dans, verdiar det er verdt å ta vare på.
Uteområdet blir unikt, og bakteppet i horisonten er eit dramatisk fjellandskap.

Prosjektet er tenkt å tilføra, både Hatlestrand og Kvinnherad, noko friskt og nytt. Lundarhegni er tenkt å vera forvaltar av eit fargerikt samvirke, eit bufellesskap for gamle som for unge, med eit sams etisk verdigrunnlag i respekt for Moder Jord. Aktivitetar vert å styrast deretter.

Byggetrin 1
Først og fremst bygging av eit slott med omkringliggjande fasilitetar.
Område er regulert. Bilveg og parkering er på plass.
Tomta er dermed klar for oppstart grunnarbeid.

Plankart under KART
Meir om slottet, sjå SORIA SLOTT
Interessert? Ta KONTAKT

Byggetrin 2
Utvikling av eit norrønt mytologisk miniatyrkosmos, lagt inn i opprinneleg skogsterreng. For kart, namn og forklaringar, gå til

Mytologisk parkkart under KART

Eigarstruktur
I dag er Lundarhegni eit einmannsforetak der nokre bueiningar i bygget Soria vil bli lagt ut for sal, andre vil bli lagt ut for leige. Eigaren er ikkje framand for at sjølve parken etter kvart, formelt kan bli omgjort til AS, eller helst til ei idéell stifting.

FIIN
Folkloristisk Interessegruppe i Naturen
For nærare informasjon, friviljug arbeid, medlemskap, leigeavtalar eller bustadkjøp, gå til KONTAKT