Opplevingar


salamander-4  Storsalamander (Triturus cristatus)

Salamanderjakt

Salamanderen, med dei sterke parringsfargane, har i folketrua hatt ei sterk magiske tiltrekningkraft, nærast på line med den eventyrlege Nykkjen.
Innafor alkymien representerer salamanderen, saman med andre fabelvesen, elementæråndene:

Eld: Salamanderen
Vatn: Undinene
Luft: Sylfidene
Jord: Gnomane og dvergane
Eter (det femte element): Sfinksen og einhjørningen

Hatlestrandi har Nord-Europas største forekomst av den sjeldne og freda storsalamanden.
Lokalt har dei alltid blitt kalla øgler el. øler. Formelt blir dei idag ikkje rekna til krypdyra, men til amfibiane.
På sikt reknar me med at salamanderen vil etablera seg i Lundarhegni Naturpark. Idag er den lettast å finna i Geitaknottane Naturreservat. Reservatet er ganske avsidesliggjande. Vil du unngå bomtur, tilrår me bruk av guide.

Hjortesafari
Hatlestrand/Ølve er eit viktig område for vill hjort. Lundarhegni formidlar ikkje børsejakt. Slik jakt er heller ikkje tillaten innafor naturparken. Men sidan hjorten kjenner seg relativ trygg i parken, og sidan ein av trekkvegane hans går gjennom, kan kamerajakt gi godt resultat.
Seinsommar/haust er beste tida for hjortesafari. Guida tur gjev sikraste utbytte.

Eikelandselvi
Me fylgjer elvi og livsnerva frå osen i Hjortåsvågen til urspringet i Trodladalen.

Steinbrot
Løyner dei bortgøymde pyrittskifer-hidlarane på Hatlestrand og i Ølve den første industriverksemda i Noregs land?
Baksteheller, slipestein frå Gotland og glasberg *

Gruvedrift (jern, kis og gull)
Jabergsmoget, Dyråsen og Attramadal
ChristianGavesVerk *

GamleLunden

Ombøravikjo

Solgropene

Alvegravi

Kyrkjene

Kuneset
Steingarden fortel

Øydegardane
Utvandring til Amerika, Namna på fråflytte gardar. Vandrerute.

Den gamle bygdavegen

Mannahidlaren

Røvarholet

Blånuten

Koparhamarverket frå fordums tider, første karbon datering 2016, viser kol frå 1430.

Korshamn, Kyrkjevågen, Klau (Klov), Bussevik og den gamle ferdavegen

Svartedauden 1349
I dag (2016) er folketalet på Hatlestrand kring 450. Det er ikkje usannsynleg at folketalet var like høgt i forkant av pesten sitt innhogg. I alle fall var gardsnamni alt i den tidi godt innarbeidde og dei same som i dag. Det var nok ikkje like mange bruk, men på kvar gard var det mange folk. – Soga fortel, at då pesten hadde herja frå seg, då steig det ikkje røyk frå meir enn tre hus i heile bygdi!

Soger frå Th.S.Haukenæs: «Kvindherred»

Kaare Skaala mf: “Stølar og setrar i Kvinnherad” 

Kongen av Lundarhegni: “Eventyrlege soger” 

Sopptur, Bærtur, Biltur, Fisketur el. Sjølvplukk

Hi sido:
Melderskin, Folgefonna, Jygrastolen, Ingahogg, Ulvanosi m.m.

fullsizeoutput_49a fullsizeoutput_3eb Versjon 2
Foto: Knut J. Nerhus

Tinging:
Om ein vil leiga kjentmann/vegvisar/ekspert/sogeforteljar på turane eller ved leirbålet, sjå PRISLISTE, søk KONTAKT
For avansert klatring og brevandring kan me formidla forespørsel til «Bratt Lende» Dette lokale foretaket har sertifisert fjellførar.

*  Sjå også Sunnhordland Aarbok 1975: “Bergverksdrift i Ølve og Hatlestrand” av Knut Johan Nerhus
“En reise til Hardanger sommeren 1983” av Birthe Weber i magasinet “Viking Bind XLVII” s. 149
“Den geologiske bakgrunn for bakstehelle- industrien ved Kvitebergvatnet i Hardanger” av Johan Naterstad s. 161
“Steinindustri frå vikingtid og mellomalder”, karbondatering tilbake til 1030, doktoravhandling frå 2013 ved Irene Baug
Registrering av klebersteinsbrot i Ølve og på Hatlestrand for Universitetet i Bergen, ved Knut Johan Nerhus (1987 – 1989)
Arkeologisk arbeid og etterforsking av Karin Knoph (1984) og Per Øyvind Østensen (2016).