Folkloristisk Interessegruppe i Naturen
Uformell støttegruppe av folk som ynskjer kontakt med eller nærare kjennskap til prosjektet. Medlemskap kan oppnåast på tre måtar:
Medlemar kan bli innkalla til møte el. festleg samvær. Dei blir haldne nærare orienterte om utviklig og planar. Medlemane kan oppnå medlemsrabatt og førsterett.
Leigeavtalar, bustadkjøp eller reklameplass, sjå PRISLISTE
Skogsplass
Landnaam er eit norrønt ord og tyder at ein tileignar seg land. Ordet er i slekt med det tyske ordet for å ta, "nehmen".
Dette er først og fremst ei leigeordning for dei som måtte ynskja skogsplass for telt. Dette er det næraste du kan koma ditt eige private land. Skogsplass har den fordelen at teltet kan stå over lengre tid utan at eng/bakke tek nemneverdig skade. Ein skogsplass er meir fredleg. Tilvist plass kan tingast for både kortare eller for lengre tid. Vil ein leiga plassen permanent og gjera den enno meir privat, då låner parken gjerne ut rullestein for markering av tomt.
Bygg i Berg og Boge
I ei tid med aukande trong for nytt byggjeland, blir dyrka jord sett under press. Dyrka jord har me lite av. Berg og fjell har me nok av. Fyrst byggjer me vegen, og landskapet vil fortelja kvar den skal gå. Deretter kan bu byggjast. Med god tilrettelegging, rett teknologi og smidige løysingar, kan bygningar, meir eller mindre, leggjast inn i terrenget og fylgja topografien. Naturen tilbyr og fortel, kva som skal gjerast, kor mykje, eller kor lite som skal vera synleg. Naturlege former kan understøttast, dempast eller forsterkast. Finn me eit estetisk samspel, då har me fått tak i tråden. Tilfeldig tomtebygging og BBB renn ikkje frå same rot. Vil du vita meir om filosofien, ta kontakt!
Lundarhegni har enno ikkje det som blir kalla NETTBUTIKK. Ei slik nettbasert handlebu kjem seinare. Likevel har me nokre enkle produkt å visa til. Dei kan formidlast ved nærare avtale. Ein må rekna med noko leveringstid. Her skal me kort setja opp eit oversyn over kva me ser for oss å kunna skaffa til vegars: