logo

"Lat gripedyret deg taka,
Austafor Sol og Vestafor Måne.
Djupt i dvergeberg kan du plass låne.

Riket blir gjenskapt, vilja stå.
Dvergane høgt monument reiser.
Ypst på Skoddefjellet søyla kneiser.
Volundr, alvedrotten, flagget heiser.
Skal Moria på nytt forgå?"

Knut J. Nerhus

MORIA


 

SORIA - MORIA

Ved inngangen til lunden ligg Soria slott og lyser. Det er velkomstporten. Der bur Det Søkjande Menneske. Det lever på grensa mellom Midtgard og Den andre verda.

Moria er eit mørkt undergrunnsrike. Denne verda representerer overgangen og utgangen. Hamskifte, også kalla metamorfose, står i sentrum. Materiale, menneske og makter vil ikkje vera det same når dei måtte koma ut, som då dei gjekk inn.

I Moria bur dei underjordiske, bergmennene og dvergane. Dvergane står blant dei fremste når det gjeld smiekunst, avlekunst og forvandling. Det gjeld like godt for materie som for hug og minne.

Lisa Ekdal er ein svensk tekstmakar og vokalist. Ho seier det så treffande, og oppsummerer essensen av kva Moria står for og kva Moria kan tilby: "Med kroppen mot Jorden er det ingenting jag måste forstå".

Ifylgje JRR. Tolkien, blei gamle Moria øydelagt av vonde krefter, men dvergane lengtar tilbake til heimen sin. Gode krefter vil gjenskapa Moria. Igjen skal klangen høyrast frå hamar og ambolt.

I det nye Moria vil produksjonsnisjer gløda og leva. Utstillingshallen vil vera majestetisk, og salsboder vil tilby eit variert utval av kostleg kunst og kunsthandtverk.

På utsida av Moria, ved foten av fjellet, ligg Alvheimr. Alvar og dvergar lever kvar for seg, men likevel utan å vera uvener. Dei har inngått vennskapsavtale, ei pakt.

Interessert i produksjonslokale, reklameplass eller praktiske tenester?

KONTAKT

magdalena-mazurek

Magdalena Mazurek - modell
Prøv Lundarhegni for kontakt!

bine-3

158030857589068

Flag Counter

Kunst & Handtverk ....