Lundarhegni Leir


fullsizeoutput_537  arneplassen  Arneplassen

Parkering:
Romsleg bilparkering tett på leirplassen.

Leirlivet:
Dette høver for både einslege, par og familiar som ynskjer fred, ro og rimleg ferie.

Badestrand:
Solrik og barnevennleg badeplass i Eikelandsvågen er tilgjengeleg kun 10 min. gange frå leirplassen.

Fiske:
Lundarhegni har sin eigen fiskeplass, Velomsholo. Her kan ein gjera sjøfiske med stong frå land.
Dersom gjester ynskjer å leiga båt, så kan me formidla kontakt med utleigar.
Med båt er det lett å nå sjøidyllen Eikholmane, 500 m unna badestranda.

Bålplass:
Arneplassen er ein tilrettelagd bålplass inne i leiren. Her er det høve til å grilla, td. sjølvfiska fisk. Arneplassen er som eit hjarta i parken. Her starta det heile. I denne samanhengen tyder Arne eldstad, dvs. den opprinnelege eldstaden, staden der ein får noko til, som i ei smie-esse. Arne er og knytt til ordet arning (jarning el. jadning), der ordet arn el. ard riv opp torva, ei form for jordbearbeiding før plogen si tid. Arne er også det eldste mannsnamnet som er funne knytt til garden Eikjeland og dermed også til Gamlelunden. I den tida blei namnet sannsynlegvis uttala Ádne. Å vera ádnig tyder at ein har det travelt, ein vil bli ferdig, ein vil få noko gjort.
Vår gode mann Ivar Aasen var kunnskapsrik, men i tilfelle Arne, kan han ha teke feil. Are tyder nemleg også ørn, og det er heller tvilsamt at Arne og Are er same namnet, då Are tykkjest vera knytt til lyd. Likevel, Aasen kan få lov til å halda på orda sine, for ørn kan ha blitt sett på som ein Arne-fugl, og derav namnet.

For dei som måtte vilja slå opp telta sine meir for seg sjølve, inne i Lundarhegni sin skog, kan dette avtalast spesielt på tilvist plass. For leige av leir, leirplass, skogsplass eller permanent skogsplass, kan avtale gjerast gjennom ordninga LANDNAAM

Kva er LANDNAAM?