Lundarhegni Naturpark
FIIN
Folkloristisk Interessegruppe i Naturen
Uformell støttegruppe av folk som ynskjer kontakt eller nærare kjennskap til prosjektet.
Medlemsliste til internt bruk. Det er valgfritt å kryssa av for interesse i BUSTADPROSJEKTET.
Medlemskap oppnår du ganske enkelt ved sjølv å skriva deg på MEDLEMSLISTE
Medlemar kan bli innkalla til møte el. festleg samvær. Der blir dei haldne nærare orienterte om planar og utvikling.
Donasjonar og friviljug arbeid i park og prosjekt legg grunnlag for førsterett el. rabatt.
For ordinære leigeavtalar, bustadkjøp, reklameplass el. billettar, sjå PRISLISTE
LANDNAAM
Skogsplass
Landnaam er eit norrønt ord og tyder tileigning av land. Ordet er i slekt med det tyske ordet for å ta, "zu nehmen".
Dette er først og fremst ei leigeordning for dei som måtte ynskja skogplass for telt. Dette er det næraste du kan koma ditt eige private land. Skogplass har den fordelen at teltet kan stå over lengre tid utan at eng/bakke tek nemneverdig skade. Ein skogplass er meir fredleg. Tilvist plass kan tingast for både kortare eller for lengre tid. Vil du leiga plassen permanent og gjera den enno meir privat, då låner parken gjerne ut rullestein for markering av tomt.
BBB
Bygg i Berg og Boge
I ei tid med aukande trong for nytt byggjeland, blir dyrka jord sett under press. Dyrka jord har me lite av. Berg og fjell har me nok av. Fyrst byggjer me vegen, og landskapet vil fortelja kvar den skal gå. Deretter kan bu byggjast. Med god tilrettelegging, rett teknologi og smidige løysingar, kan bygningar, meir eller mindre, leggjast inn i terrenget og fylgja topografien. Naturen tilbyr og fortel, kva som skal gjerast, kor mykje, eller kor lite som skal vera synleg. Naturlege former kan understøttast, dempast eller forsterkast. Finn me eit estetisk samspel, då har me fått tak i tråden. Tilfeldig tomtebygging og BBB renn ikkje frå same rot. Vil du vita meir om filosofien, ta kontakt!
Krambu, handlebu eller gårdsbutikk er under utvikling og oppbygging. Produkta kan alt no formidlast etter nærare avtale. Ein må rekna med noko leveringstid. Her skal me kort setja opp eit oversyn over kva me ser for oss å kunna skaffa til vegars:
Økologiske varer
- Ved
- Horn
- Skinn
- Livdyr
- Fjordfékjøt
- Dravlemjølk
- Hjortakjøt (kontaktformidling)
- Økologiske grønsaker (kontaktformidling)
- Økologisk iskrem (kontaktformidling)
Tenester
- Seremoni
- Turguiding
- Sogeforteljing
- Gjestetransport
- Hjortesafari m/bil
- Snøbrøyting m/ stor traktor
- Skjæring av tre mm: Hardanger Hagehjelp
- Sertifisert fjell- og breføring: Bratt Lende
- Gardsturisme, arbeidande gjester