Skip to content
Lundarhegni Naturpark
Lundarhegni Naturpark

den mytologiske parken

  • Lundarhegni
    • Parken
    • Soria Slott
    • Folkvang
    • Lundarhegni Leir
    • Opplevingar
    • Landbruksprodukt
    • Lundarhegni Amfi
    • Mytologifestivalen
  • HEIDENSK NATUR
  • ARMSØYLA
  • MORIA
    • Reklame
    • Kunst og Handtverk
  • 5. ELEMENT
  • KRAMBU
  • KART
  • KONTAKT
    • Medlem FIIN
  • Norsk Nynorsk
  • English
Lundarhegni Naturpark

den mytologiske parken

Soria slott

Byggjetrin 1

page1image256

Område er ferdigregulert. Bilveg og parkering er på plass. Tomta er dermed klar for oppstart grunnarbeid. Me ventar berre på deg.

Interessert? → KONTAKT

Reguleringsplan

Byggjetrin 2

gripedyr-oseberg-sidepanel

Dette gjeld først og fremst skogsområdet bak slottet, bak leiren og bak amfiet. Der ser me for oss å kunna utvikla eit norrønt mytologisk miniatyrkosmos. Det vil seia at mange av dei kjende og kjære landemerka frå Eddadiktinga, dei vil me kunna finna igjen og dra kjensel på ute i terrenget.

Kart, namn og forklaringar → Mytologisk park-kart

Soria

Har du høyrt eventyret om Soria Moria slott?

For å finna kjernen i forteljinga, må ein sjå forbi både tidsbilde og forbi dei grufulle handlingane som tek plass. På botn handlar dette om Oskeladden den nyfikne, og eventyrlysta hans i eit ukjent land. Med eit ope sinn og eit bankande hjarta får han håp og kjærleik til å blomstra.

Har kanskje du også ein draum, ein draum om å bu i eit ekte slott, bak grøne bakkar og beitande kyr med gullknapar på horni? Ynskjer du din eigen gartnar som steller grøntarealet?

Tru det eller ei, dette kan bli ein realitet. Lundarhegni arbeider med prosjektet, eit elegant, moderne eventyrbygg med 12 bueiningar, nokre for sal andre for leige. Einingane blir i utgangspunktet teikna som miljøvennlege, energisparande bustader med livsløpstandard. Storleik: 100 m2 +/-. Prisar kjem seinare etter at detaljteikningar og budsjett er på plass. Når tidi er inne, kan informasjon hentast her eller gjennom FIIN
Sidan bueiningane er samla i ein einaste bygning, og sidan denne bygningen er del av ein regulert naturpark, vil ikkje nærområdet bli forstyrra av uventa og uønska byggeaktivitet. Komplekset er stort nok til å kunna utvikla sitt eige sosiale miljø, og lite nok til å kunna gi ro og fred for dei som ynskjer det. Bak og tett opp til Soria vil det liggja eit lunt leikeområde, opparbeidd for dei aller minste. Naturparken elles vil skapa gode råmer for kreative hender og sarte sjeler, for kulturell vekst og for naturleg utvikling.

  • - 0,5 km spaserveg til badestrand
  • - 1.0 km snarveg til barnehage, skule og idrettsanlegg gjennom skogen
  • - 1,5 km bilveg til butikk, bensinstasjon, båthamn, ferje, barnehage, skule,   idrettsanlegg m/ ny idrettshall og ny symjehall
  • - 2,5 km til mekanisk bilverkstad

Interesserte kan alt no setja seg på liste for uforpliktande personleg oppfylgjing/vising: FIIN

Motto: "Tru kan flytta fjell, ...men me låser bilen likevel"

Likar
©2025 Lundarhegni Naturpark | WordPress Theme by SuperbThemes