Tømmerhytta med uthus til leige. Hytta ligg på Folkvang, oppkalla etter heimen åt Frøya, den norrøne elskovsgudinna. Hytta passar perfekt til overnatting for eit romantisk par 🙂
I tillegg til sovehemsen, kan sofaen slåast ut til dobbelseng. Gjester tek med eige sengetøy. Stova har vedomn, men ikkje elektrisitet. Har gjester med seg gass, så kan dei kopla seg på gjennom veggen og laga varm mat på gassomnen i kjøkenet. Sommartid renn det vatn direkte inn på kjøkenet. Toalettdunk er å finna i uthuset.
For hundre år sidan var det mange norske familiar som vaks opp i slike tømmerstover. Ungeflokkane var ofte store. 12 ungar var ikkje heilt uvanleg. Men det var uvanleg at alle 12 nådde vaksen alder. I tillegg kunne familiane også innehalda kårfolk og skyldfolk. Blei det trongt om plassen, kunne dei til tider bruka storastovo, dvs. vera utomhus.
Så, viss du vil smaka litt på korleis det var å leva i gamle dagar, velkomen til Folkvang!