Løyndomen


  Lundarhegni Naturpark har henta inspirasjon frå, og vil kasta glans over GamleLunden. GamleLunden var i fordums tid ein lokal heiden, rituell samlingsstad for grendene på Hatlestrand. Til liks med Ull sitt vé i Ølve, ligg minnet om GamleLunden løynd bak tida sitt slør. Lunden tilhøyrde riket åt gamle Hel, ei modergudinna, i seinare tid demonisert og erstatta av seidkunnige Frøya mf. Soga kan hentast fram og gjenskapast frå stadnamn, forteljingar, fortidsminne, topografi, vegetasjon, mytologi, innsikt og innleving. Vil du vita nærare kvar i geografien GamleLunden sitt sentrum låg, ja, då kan det bera frukt å ganga fram på fylgjande vis:
“Gå til gravhaugen i Lundarhegni! Haugen har ei steinsetjing. Der står Siktesteinen i aust og Fallossteinen motsett. Når ein siktar gjennom Sikteholet, er det så laga, at Gamlefallosen peikar direkte mot GamleHel sin heilage lund. Denne låg oppe på ein liten åsrygg, 1 km mot vest.”

  Lundarhegni Naturpark is drawing inspiration from a local, pagan hilltop near by, initiated to an old mother goddess. In Lundarhegni, you can find erected stones pointing out the direction, showing where to find this old sanctuary. The working priciple is not unlike what you can find at Carahunge in Armenia: “As above, so below!” Also for our international readers and thinkers, we will unveil the, until now unknown, secret link between Hela, La Dame Blanch and Mona Lisa painted by Leonardo da Vinci. It is WATER!


                    “LITIL VIS MATHR”

 1904 er året for eit av dei største arkeologiske eventyra i Norden, vikingskipet frå Oseberg i Vestfold. Blant rike funn av kunstgjenstander og dyktig handtverksarbeid blir det funne ei stutt runeinnskrift. Dronning Åsa fekk seidruner med seg i grava! Det var ei viktig melding, genialt enkelt utforma: “Lite veit mennesket.”
 The message is quite simple: “Little does man know.”